Foto: Hellesøy Verft AS

Hellesøy Verft får ny stor medeigar – satsar på marin elektrifisering

– Med Marine Eiendom på laget får verftet eit godt grunnlag for ny og frisk satsing på elektrifisering av fartøy , seier Øystein Hellesøy, styreformann i Hellesøy Verft.

Ved inngangen til april 2021 vart Marine Eigedom AS på Stord ny majoritetseigar i familieverksemda Hellesøy Verft AS på Løfallstrand i Kvinnherad. Selskapet eig no to tredelar av både eigedoms- og driftsselskapet til verftet etter at dei seks eigarane i Hellesøy-familien har selt seg ned frå eigarpostar på 16,75 prosent til rundt 5,5 prosent kvar.

Øystein Hellesøy, her med statsminister Erna Solberg, forteller at Hellesøy-familien er fornøyd med å ha fått inn en profesjonell medeier. Foto: Ronny Lakselv

– Vi er glade for å ha fått Marine Eigedom med på laget, noko som vil styrka verftet finansielt og i form av auka aktivitet. Verftet får no eit godt grunnlag for ei ny og frisk satsing på elektrifisering av fartøy, i tillegg til dagens aktivitet innan vedlikehald, bygging og utrusting. Norsk maritim næring er no i startfasen av ei storstila omstilling til ein moderne klima- og miljøvenleg skipsfart, og vi ser eit stort potensial i å kunna nytta kompetansen vår til å bidra til elektrifisering og bruk av meir klima- og miljøvennlege drivstofftypar til sjøs, seier Øystein Hellesøy.

Verftet leverte i februar sitt nybygg nummer 155, ein robust, isforsterka og funksjonell driftsbåt til Bymiljøetaten i Oslo. Det batteridrivne nullutsleppsfartøyet, som er 20 meter langt og ni meter breitt, er utvikla og designa av Hellesøy Verft ut frå funksjonskrav frå Bymiljøetaten. Verftet sikra seg oppdraget i sterk konkurranse med andre verft i inn- og utland.

– Hellesøy Verft har lange tradisjonar og solid erfaring med både nybygg, service og vedlikehaldsarbeid på ei rekke fartøytypar med ulike typar framdrift. Denne kompetansen, kombinert ved ein god infrastruktur som ligg strategisk og lett tilgjengeleg til ved Hardangerfjorden, gir eit godt utgangspunkt for ei meir offensiv satsing inn mot det grøne skiftet. Målet vårt er å skapa nye arbeidsplassar på Løfallstrand, uttaler Erling Prestbø, styreformann i Marine Eiendom.

Derfor vil det no verta auka aktivitet og behov for fleire tilsette og ynskje om lærlingar.

Marine Eiendom er eigd av Kurt Arne Tyse, Erling Prestbø gjennom Stord Eiendomsforvaltning, E. Tvedt Holding og Multi Vedlikehold. Dei same eigarane driv Marine Contractor, som har kjøpt ein del utstyr frå Eide Marine Eigedom på Halsnøy.

– Gjennom sal og utleige av fartøy og utstyr til maritime operasjonar, har Marine Contractor opparbeidd seg ei brei kontaktflate mot det maritime miljøet i Noreg. Dette nettverket vil Hellesøy Verft kunna dra vekslar på, og vi har stor tru på gode synergiar mellom dei to selskapa, seier Prestbø.

Reinhard Lund-Mikkelson går inn som styreleiar i Hellesøy Holding og Hellesøy Verft. Hans erfaring frå maritim sektor og hans kontaktnett både lokalt og i bransjen generelt, vil vera med å styrka verftet i den vidare satsinga, seier Øystein Hellesøy og Erling Prestbø.