Stor dag: Frå venstre prosjektleiar Tor Ove Stenersen, og CEO Roger Halsebakk frå Sølvtrans, dagleg leiar Inge-Jonny Hide og prosjektleiar Tor Inge Nordmo frå Myklebyst Verft AS. Foto: Verftet

Myklebust signerer kontrakt med Sølvtrans – igjen

Gursken 30. januar 2020: Myklebust Verft AS i Sande har inngått sin fjerde brønnbåtkontrakt med Sølvtrans Rederi AS i Ålesund. Med denne kontrakten har Myklebust ein ordrereserve på om lag ein milliard kroner innan nybygg og ettermarknaden.

Fartøyet er basert på Kongsberg NVC 389 og er av same design som Sølvtrans allereie har under bygging hos Myklebust. Lastekapasiteten er på 4000 m3. Også dette skroget skal byggast ved det tyrkiske verftet Hat-San. Levering av det som blir bygg nr. 76 frå Myklebust Verft er kontraktsfesta til oktober 2021.

Bygg nr. 76 frå Myklebust Verft. Ill.: Kongsberg

– Vi er stolte over å lykkast med fleire kontraktar til Sølvtrans, seier dagleg leiar Inge-Jonny Hide ved Myklebust Verft. – Det gjev oss store mulegheiter til å, i lag med alle involverte aktørar, utnytte positive synergiar og læring frå prosjekt til prosjekt. Kontrakten inneber også mange leveransar frå ei rekkje lokale verksemder der dei største i omfang er Kongsberg Maritime, MMC FIRST PROCESS og Hareid Group.

– Vi opplever ein positiv marknad for denne 4000-kubikk serien som vi har kontrahert hos Myklebust og for oss finn vi den kvaliteten vi jaktar på lokalt, seier reiar og administrerande direktør i Sølvtrans, Roger Halsebakk.

Kontrakten høver godt med den strategien Myklebust har valgt ved å bygge fleire fartøy til same kunde med kjend teknologi og design. – Det er også ei stor tillitserklæring frå Sparebanken Møre at dei stiller med byggefinansiering til nok eit nybygg ved Myklebust Verft, seier Hide.

Med denne kontrakten har Myklebust ein ordrereserve på om lag ein milliard kroner innan nybygg og ettermarknaden. Verftet har 135 eigne tilsette. Bygg nr. 76 er søsterskip til bygg nr. 75 som Myklebust skal overlevere Sølvtrans Rederi AS i mars 2021.

Hovuddimensjonar

Lengde oa er 87,10 meter, lengde pp er 84,80 meter og største bredde er oppgitt til 18,00 meter. GT: Ca. 5000 t. DWT: Ca. 5350 tonn