Avtalen er eit stort samarbeidsprosjekt mellom Kongsberg Maritime og Myklebust Verft. Frå v. Geir Oscar Løseth (KM) og Inge-Jonny Hide (Myklebust Verft).

Myklebust Verft med stort, grønt oppdrag

Gjennom ein konsortiumsavtale skal Myklebust Verft og Kongsberg-gruppen utføre eit stort miljøoppdrag for Hurtigruten Norge.

Hurtigruten Norge skal bygge om skipa «Nordlys», «Kong Harald» og «Richard With» som ein del av planane om å kutte CO2-utsleppa langs Norskekysten med minst 25 prosent. Myklebust har no i mai 2021 inngått kontrakt på første av dei tre skipa – M/S «Richard With» – og oppdraget vil skje vinteren/våren 2022.

M/S «Richard With», i Bergen selvsagt.

– Dette er ein gledens dag for Myklebust og alle våre samarbeidspartnarar og oppdraget sikrar god aktivitet også innan ettermarknadsdelen av verksemda vår, sier daglig leiar Inge-Jonny Hide i ein kommentar. – Det er svært gledeleg og viktig at vi lykkast i lag med eit solid teknologimiljø som Kongsberg Maritime. Over 30 000 seglande fartøy har deira løysingar om bord. I skrivande stund har vi som kjent også fire fartøy under bygging basert på Kongsberg design.