Reiar James Duthie frå Sunbeam Fishing Ltd. og Kristin Hide, adm.dir. ved Myklebust Verft AS. Foto: Verftet

Myklebust Verft signerer skipsbyggingskontrakt

Myklebust Verft har inngått skipsbyggingskontrakt på en ny pelagisk trålar.

Fartøyet er byggenummer 79 fra verftet og kunden er det skotske reiarlaget Sunbeam Fishing Limited. Levering av skipet frå Gurskebotnen er planlagt til årsskiftet 2025/2026.

Designer av skipet er SALT Ship Design og er av typen SALT 0364. Bureau Veritas er klasseselskap.

– Dette er svært gledeleg for alle oss på Myklebust, seier CEO Kristin Hide. – Vi har sett fram til å få eit nybygg inn i vår portefølje av prosjekter, og dette vil gi oss en større stabilitet på ordresida. I prosjektet har vi med oss ei rekke lokale leverandørar av både utstyr og tenester frå den maritime klynga. Fartøystypen er innanfor et segment som Myklebust har lang erfaring med og vi ser verkeleg frem til å komme i gang med oppgåva for fullt.

Eit fleksibelt verft

Etter over 100 års drift, har Myklebust Verft lang og solid erfaring både innan nybygg og service, reparasjon og ombygging av fartøy. Verftet tilbyr fasilitetar for dokking opp til 15.000 tonn – til dømes subsea konstruksjonsfartøy, ankerhandterarar, seismikkfartøy, brønnbåtar og fiskefartøy. Det at våre tilsette både utfører serviceoppdrag og samstundes byggjer nye fartøy gjev oss ei unik kompetanse som kjem verftets kundar til gode, heiter det i ei pressemelding.