Ny Hurtigruten-kontrakt til Myklebust
Myklebust Verft i Sande har i lag med Kongsberg Maritime inngått kontrakt med Hurtigruten Norge om ei større miljøoppgradering av M/S «Kong Harald».
Dermed har verftet sikra kontraktar på to av dei tre hurtigruteskipa som skal gjennom ei større, grøn oppgradering («Richard With», «Kong Harald» og «Nordlys»
Kongsberg Maritime har valt ein partnermodell for oppgraderingsoppdraget dei har fått av Hurtigruten Norge. Myklebust Verft har no fått oppdraget med dei to første skipa med mulegheit for å få også det tredje.
Alle dei tre skipa skal byggast om til hybrid framdrift. Det inneber mellom anna at motorane skal bytast ut med nye og meir energieffektive modellar. I tillegg skal det installerast batteripakkar om bord, og propulsjonen skal oppgraderast. – Vi er glade for å ha Myklebust med på laget i eit så komplekst prosjekt, sier Geir Oscar Løseth, VP Sales, Aftermarket Advanced Offerings i Kongsberg Maritime.
Oppgraderinga av fartøya skjer trinnvis i perioden frå 2022 til 2023. I følgje Hurtigruten Norge er oppgraderinga ein del av planane om å kutte CO2-utsleppa langs Norskekysten med minst 25 prosent.
Administrerande direktør Hedda Felin i Hurtigruten Norge er glad for at nettopp Myklebust skal stå for oppgraderingane. – Når vi no gjer våre skip meir miljøvenlege, er vi veldig glade for at det blir utført i Norge av Myklebust, som sikrar både kvalitet og at vi kan bidra til norske arbeidsplassar, seier Felin.
– Vi er stolte over å kunne bidra til at eldre fartøy både får forlenga levetid og ikkje minst at dei får installert nye, moderne energiløysingar om bord, seier dagleg leiar Inge-Jonny Hide ved Myklebust Verft. – Skal det bli eit grønt skifte innan skipsfarten så må også den seglande tonnasjen oppgraderast. I mange tilfelle er det også positivt for miljøet å kunne bruke seglande fartøy lengst mogeleg i staden for å måtte skrote og bygge alt nytt frå grunnen av.