Myklebust Verft - tett med prosjekt. Foto: Olav Tokle

Solid resultat for Myklebust Verft

For første gong sidan 2014 kan Myklebust Verft sjå tilbake på eit år med lønsemd. 2019 enda med eit solid driftsresultat på 32,3 millionar kroner, noko som gjev ein historisk høg driftsmargin på 8,5 prosent. Naturleg nok etter ei slik periode kjem resultatet godt med i jobben med å gjenoppbygge soliditeten i selskapet, noko som ikkje minst er viktig i arbeidet med å sikre nye kontraktar.

Det gode resultatet kjem frå gjennomføringa av 38 prosjekt innan fiskeri, offshore og andre arbeidsbåtar. Det blei dokka 25 fartøy og dokkutnyttinga var rekordhøg med 302 dokkingsdøgn.

Høg aktivitet for kjende kundar

Alle kundar og prosjekt gav sine respektive bidrag til resultatet. – Kundelojaliteten for 2019 blei på heile 86 prosent og dette er eitt av våre viktigaste mål i den daglege drifta på verftet, seier dagleg leiar Inge-Jonny Hide. – Lykkast vi med å gjere godt arbeid så er det enklare for kunden å velje oss ved seinare høve. AKOFS Offshore, Island Offshore og Sanco Shipping var dei klart største kundane ved verftet i 2019 målt i talet på fartøy eller omsetjing. I tillegg til stor innsats frå våre eigne tilsette, har vi også ei rekkje leverandørar som gjennom sine daglege leveransar til våre prosjekt har gjort sine viktige bidrag til eit godt 2019-resultat. Av større kontraktar i 2019 var sjølvsagt ombyggingsoppdraget på AKOFS Seafarer og kontrakten på ny brønnbåt til Sølvtrans, inngått høvesvis februar og juni.

Inge-Jonny Hide, dagleg leiar ved Myklebust Verft

Årsresultat Myklebust Verft AS i MNOK

2019         2018         2017
Driftsinntekter                      380,0        805,7    1 528,8
Driftsresultat                            32,3             4,6         -74,1
Driftsmargin                            8,5%         0,6%       -4,8%
Resultat før skatt                    24,6           -1,0         -77,7
Resultat etter skatt                24,6           -1,2         -77,7

Myklebust Verft Invest AS

Konsernet hadde i 2019 driftsinntekter på 379 millionar kroner. Konsernrekneskapen enda for 2019 med eit overskot på 25,9 millionar kroner før skatt. Det gode konsernresultatet i 2018 skuldast i hovudsak balansemessige endringar knytt til Hurtigruten sitt oppkjøp av fire Kleven-selskap frå konsernet. – Det positive resultatet styrkar våre finansielle musklar og egheitene til å konkurrere om nye oppdrag i marknaden, seier Inge-Jonny Hide. Eigenkapitalen i konsernet ved utgangen av 2019 var MNOK 119,8 medan arbeidskapitalen var MNOK 68,8.

Årsresultat Myklebust Verft Invest AS i MNOK – Konsern

2019       2018*    2017**

Driftsinntekter                      379,0    2 140,1        645,8

Driftsresultat                            30,6          92,6      -258,3

Driftsmargin                            8,1%         2,3%     -43,7%

Resultat før skatt                    25,9          48,7      -282,1

Resultat etter skatt                25,9          48,4      -282,1

 

*Første halvår 2018 inkludert fire Kleven-selskap som gjekk ut av konsernet medio 2018
**Inkluderer kun 4.kvartal etter at nytt konsern blei etablert

Grei start på 2020

Kontraktsmessig lykkast Myklebust Verft AS med å inngå kontrakt på ytterlegare ein brønnbåt for reiarlaget Sølvtrans, basert på same design som for kontrakten inngått i 2019. Ordrereserven passerte dermed 1 milliard kroner. Oppdraget på AKOFS Seafarer tilførte også i første kvartal mykje aktivitet til verftet i tillegg til 12 andre oppdrag innan ettermarknaden. – Den 3. mars tok vi innover oss koronasituasjonen og starta med aksjonar knytt til smittevern i alle våre aktivitetar, fortel Inge-Jonny Hide. – Sjølvsagt pregar Covid-19 også vår organisasjon, våre leverandørar og våre kundar, og ikkje minst etter at stadig fleire karantenereglar og tiltak har blitt sett i verk. I lag med marknaden og heile forsyningskjeda jobbar vi det vi kan for å handtere situasjonen og halde drifta gåande.

Optimistisk på resten av året

Det verkar som vi har fått stabilisert situasjonen og at vi både har oppdrag og mulegheit til å gjennomføre desse i tida framover, seier Hide. – I skrivande stund har dokka og kaiene våre fullt belegg og vi er i dagleg kontakt med kundar som har jobbar som skal utførast. Det er særs viktig at vi klarar å halde oppe flyten av varer og tenester og då ikkje minst også arbeidskraft. Vi tek dag for dag med positiv innstilling, nøktern optimisme og med god tru på at vi skal kome oss gjennom denne krevjande perioda også.

Travelt, og klare for ny dokking. Foto: Olav Tokle