Myklebust Verft AS
Ved Myklebust Verft kan vi i tillegg til nybygg også tilby dokking for dei fleste typar fartøy, inkludert subsea konstruksjonsfartøy, ankerhandterarar, seismikkfartøy, brønnbåtar og fiskefartøy blant andre.
Etter over 100 års drift, har Myklebust Verft lang og solid erfaring både innan nybygg og service, reparasjon og ombygging av fartøy. Vi tilbyr fasilitetar for dokking opp til 15.000 tonn – til dømes subsea konstruksjonsfartøy, ankerhandterarar, seismikkfartøy, brønnbåtar og fiskefartøy. Det at våre tilsette både utfører serviceoppdrag og samstundes byggjer nye fartøy gjev oss ei unik kompetanse som kjem kundane våre tilgode.