Designet er Kongsberg NVC 389.

«Ronja Nærøysund» – levert frå Myklebust Verft

Myklebust Verft levert i februar 2022 brønnbåten «Ronja Nærøysund» til Sølvtrans Rederi. Fartøyet er verftets byggenummer 76 og av Kongsberg NVC 389-design.

Dette er verftets fjerde i rekka av avanserte brønnbåtar til det største brønnbåtrederiet i verda.

– Vi er svært nøgde med at fartøyet er levert og klart for oppdrag. Samarbeidet med Myklebust har vore bra og vi overtar eit topp moderne fartøy av høg kvalitet som vi gler oss til å sette i drift, seier dagleg leiar Robin Halsebakk i Sølvtrans.

Fartøyet har ein lastekapasitet på 4000 m3 og er bygd for å ivareta fiskevelferd på ein best mogleg måte. I tillegg har skipet installert batteripakke for å møte framtidas miljøkrav.

– «Ronja Nærøysund» er eit produkt vi er svært stolte av å levere frå oss, og våre ansatte har gjort ein formidabel jobb. Ein framtidsretta brønnbåt som dette er kompleks å bygge, og eit tett og godt samarbeidet med rederi og underleverandørar er også avgjerande for å lykkast, seier dagleg leiar Lars Conradi Andersen i Myklebust Verft.

Samarbeidet mellom Myklebust Verft og Sølvtrans held fram, og verftet har ytterlegare to fartøy i ordreboka til same rederi. Skroget til bygg 77 kom til Myklebust førre veke, medan skroget til bygg 78 er under bygging i Tyrkia.

– Situasjonen ved Myklebust er i betring etter eit krevjande fjorår. Vi ser lysning i covid-situasjonen og har bra med arbeid i 2022. Samstundes jobbar vi med å få på plass meir arbeid ut over i 2023, avsluttar Conradi Andersen.